Foto: Terje Svindseth

17.mai med Leikarringen

I styret førebur vi til den store 17. mai-feiringa. Det står mykje på programmet og vi voner så mange som mogleg av dykk vil bidra til stemninga.

I kronologisk rekkjefylgje:

Dans på Karl Johan

Leikarringen skal, som fyrste “innslag”, danse opp Karl Johans gate frå Egertorget til Slottsplassen. Dykk skal møte kl. 09.00. Vi ventar å vere ferdige ved Slottsplassen kl. 10.15

Danseleiarar vert annonsert snart.

Musikarar er Tonje Lien Barkenæs og Stein Magne Eggen, på fele og trekkspel. 

Vi ønskjer så mange som mogleg med oss i prosesjonen og inviterer gjerne med gjestar slik at vi får skapt skikkeleg liv og varma publikum godt opp for H.M.K Garden som kjem etter oss.

Dei som vil vere med opp Karl Johan må melde frå til Audun Grüner-Hegge, anten på epost:audungh@gmail.com eller på tlf: 41026620

Vi setter saman par slik at alle får ein høveleg dansepartnar å stø seg på. 

Som vanleg bør alle som dansar med oss bere bunad med høveleg hovudplagg. 

Dans på Ensjøtunet

Vi held tradisjonane i hevd og dansar og på Ensjøhjemmet i år. 

Det er Signe Marie Hernes Bjerke som organiserer dette og som tek i mot påmeldinger – tlf: 99011617/epost: signe.Marie.Hernes@dnvgl.com

Oppmøte er 15.45 på Ensjøhjemmet. Framsyninga byrjar 16.00

Brusteinsballet

I samråd med hovudlaget i BUL skipar Leikarringen til ball på brusteinen på Universitetsplassen. Her krevst ikkje anna enn stemningsbærarar som vekker åtgaum, men vi ønskjer flest mogleg.

Vegar Vårdal leiar dansen.

Dette er vårt lågterskel-tilbod til alle som vil prøve folkedans og som søkjer fest og moro 17. mai!

Start på Universitetsplassen kl. 18.14. Ballet held fram til kl. 20.00.

Dato
17. mai 2017
Dans opp Karl Johan
09:00-10:15
Dans på Ensjøtunet
15:45
Brusteinsbal
18:14-20:00