Årsmøte 7. mars 2017

Kjære medlem av Leikarringen i BUL Oslo!

Styret kallar med dette inn til årsmøte i Leikarringen, tysdag 7. mars 2017 kl. 19.30. Grunna praktiske årsaker har vi bestemt at årsmøtet i år vert 7. mars. I vedtektene våre står det at det skal gjennomføras innan utgongen av februar, men vi ber om forståelse for dette – og håper de vil ta turen.

Stad: Lagsrommet (same inngang frå gata som til Teatersalen), Rosenkrantz» gate 8.

Dersom du har merknader til årsmeldinga ber vi deg sende endringane på e-post til: anbjorgmb@gmail.com

Styret oppmodar medlemmene om å komme på årsmøtet! Ikkje-medlemmer som er interesserte er hjarteleg velkomne, men har ikkje røysterett.

OBS! Årsmøtepapira vil i år primært verte sende ut på elektronisk post. Dei som ikkje har e-postadresse registrert i medlemsregisteret får dei tilsendt i posten.

Det vert heller ikkje delt ut sakspapir på årsmøtet, dersom du ynskjer sakspapira på papir må du anten skrive dei ut sjølv, eller gi beskjed i god tid slik at vi kan skrive ut til dei som treng det. Vi ynskjer på denne måten å spare miljøet for unødig papirbruk!

Vel møtt!

Her kan du etterkvart laste ned dokumenta til årsmøtet 2017:

  • Årsmøtepapirer med vedlegg (vert lagt ut seinast 2 veker før årsmøtet)
  • Regnskap & budsjett (vert lagt ut seinast 2 veker før årsmøtet)
Dato
7. mars 2017
Kl.19.30
Stad
Lagsrommet i Rosenkrantz' gate 8