BALL – Mozart på 123

Bli med på BALL! Dette blir ein folkefest der Mozart og folkekultur møtest. I tillegg til oss i Leikarringen, kjem Songlaget i BUL og Bygdelagskoret Blåne, Storbygard, Oslo Camerata, Den mangfaldige scenen, Nordberg Strykeorkester og fleire til.

Det blir levande musikk, dans, pudder og vakre klede. Du kan oppleve Nattas dronning og Fanitullen og får servert punsj, kaffi, kaker og spekemat.

Ballet blir leia av danse- og spelemeister Vegar Vårdal, scenekunstnar Erlend Samnøen, dirigent og musikar Arvid Engegård, musikar Juliet Jopling, musikar Bjørn Kåre Odde, dirigent Liv Ulvik og Liv Hege Skagestad.

På dette ballet er det inga aldersgrense og det er ope for alle som ynskjer å oppleva eit ekte tradisjonelt ball.

 

Dette arrangementet er ein del av festivalen «Mozart på 123» – arrangert av Engegårdkvartetten og Nynorskens hus med vener. For informasjon om alle arrangementa og festivalpass kan du sjå mozart123.no.

 

For meir informasjon:

Facebook-hending
Heimeside
Mozart-festival – Nynorskens hus
TicketCo

Dato
11. november 2017
Kl.18.00
Stad
Nynorskens hus
Rosenkrantz' gt 8