Foto: Runhild Heggem (FolkOrg)

«Fokusøving – øvelse gjer meister» – Vals

Instruktør: Audun Grüner-Hegge
Musikar: Ole Nilssen

 

Songdans, turdans og runddans er ein sentral del av Leikarringen sitt grunnleggjande repertoar. Vi held fram med  fokusøvingane våre, der vi tek utgangspunkt i ulike taktartar. På desse øvingane vil ein få grunntrening i taktarten og jobbe med danseteknikk, i tillegg til å lære nokre variantar og prøve seg på både turdans og songdans som er knytt til taktarten. Desse øvingane vert dedikert til å byggje vårt felles repertoar for dansarane i Leikarringen.

Audun er ein av Leikarringens faste instruktørar, i tillegg instruerer han i andre dansegrupper i Noreg og er ein ettertrakta dansar og instruktør. På denne øvinga vert det fokus på vals. Med seg som musikar har han Ole Nilssen på trekkspel. Det er berre å glede seg!

Dato
28. mars 2017
Kl.19.30
Stad
Teatersalen i Rosenkrantz' gate 8