Om oss

KVA ER LEIKARRINGEN I BUL OSLO?
Leikarringen er ei dansegruppe for ungdom og vaksne. Vi dansar det meste av norsk folkedans: runddans (gammaldans), turdansar, rekkje-
dansar, bygdedans og songdans. Leikarringen er eit særlag i Bondeungdomslaget (BUL) i Oslo. Dei omlag 100 medlemene er i alle aldrar, og har ei like variert danseerfaring som det er
medlemer i laget.

Velkomen til Leikarringen om du er nybyrjar eller garva dansar!

KVA SKJER HJÅ OSS?
* Leikarringen øver fast på tysdagar kl. 19.30-21.30.
* Vi har òg ei eiga gruppe som dansar stildans ein sundag i månaden, her er alle medlemer hjarteleg velkomne.
* Vi arrangerer dansekveldar for eigne medlemer, veneringar og andre interesserte ein gong i halvåret, i år blir dette lagt til Folkedanskvelden i BLS 27. september.
* Vi deltek på kappleik, og har hovedfokus på Oslokappleiken om hausten og Landskappleiken om sommaren.

Styret i Leikarringen

Årsmøtet 2016 vel gjennomført!

Protokollar frå tidlegare årsmøter i Leikarringen