Klar for haustsemesteret!

Etter ein lang og god sommar er me straks klare for ein ny dansehaust!

Fyrste tysdagsøving vert 29.august kl. 19:30-21:30 i Teatersalen, som vanleg. Både nye og «gamle» medlemer er velkomne til å vera med.

Me har lagt opp til eit variert program i haust med noko heilt nytt, men også ein del kjent stoff. Absolutt noko som passar for både dei heilt ferske og for dei som har dansa lenge. Program for hausten vert annonsert når det nærmar seg endå litt meir, men det er berre å begynne å glede seg allereie.

 

Velkomen!

Stad
Rosenkrantz' gate 8