Foto: Foto: Thor Hauknes

Oslokappleiken 2017

Oslokappleiken er lokalkappleiken for Oslo-området, men den er open for deltakarar frå heile landet. Vanleg kappleik med tevling i junior og senior i alle disiplinar.

Deltakaravgift 200,- for vaksne og 150,- for junior.

Dersom du ynskjer å delta på lagdans saman med Leikarringen, må du vere medlem i Leikarringen

Meld frå til Audun Grüner-Hegge, audungh@gmail.com, om du vil vere med å danse. Me dansar Polsdans frå Finnskogen på årets Oslokappleik. Dersom du deltek i solo/pardans-klassa i tillegg må du melde deg på her også: http://tevling.folkorg.no/.

Me har to øvingar med Finnskogspols før Oslokappleiken.

Dato
18. november 2017
Kl.12.00
Stad
Riksscenen i Oslo, Schous-kvartalet