Foto: Runhild Heggem

Bli med i BULder og Brak

BULder og Brak er ei gruppe med ivrige, unge hallingdansarar. Gruppa vart danna i 2009 og er eit lag under Leikarringen i BUL Oslo.
Dansarane øver kvar tysdag ettermiddag i forkant av Leikarringen sine øvingar i Rosenkrantz gate 8. Det er sjølvsagt ope for både jenter og gutar som vil vera med å danse.

Innimellom har gruppa framsyningsoppdrag for ulike aktørar. Dei deltek også på kappleikar i lagdans og har det sosialt og trivelig saman.

Er du nysgjerrig, har du spørsmål eller vil du kome innom på ei uforpliktande øving? Ta kontakt med oss på leikarringen@bul.no. Følg oss også gjerne på Facebooksida vår.

Velkomen!