Dansefest: Hardanger spelemannslag på Riksscenen

Kl.12.00-14.30 Dansekurs
Dansekurs. Hamborgar, polka med støyt, med meir. Runddanstradisjon frå Hardanger er sterk, men ikkje altfor mange nyttar den aktivt. Her får alle høve til å lære meir dans frå området.

Kl. 15.00-16.30 Sidersmaking og drikkeviser frå Hardanger
Er det noko som folk forbinder med Hardanger så er det hardingfela, brureferder, bløming og sider! Her vert det høve til å smake fleire typer sider frå Hardanger, servert med tilhøyrande drikkeviser der alle stemmer i!

Kl.18.00 – 19.00 Fyrispel: Knut Hamre – plateslipp Kjøp: Egen billett : 100;-
Knut Hamre slepper plata «Slåttar frå Granvin», og har med seg Ruth Lillegraven.
Knut Hamre er meister med hardingfele og har vunne Landskappleiken heile sju gongar. Like imponerande er arbeidet han har gjort som pedagog i kulturskulen og som læremeister for dei fremste hardingfelespelarane vi har i Norge i dag.

Kl.20.00-21.30 Jubileumskonsert med Hardanger Spelemannslag: 70 år!
Kl 22.00 Dansefest

 

Les meir her: https://www.riksscenen.no/hardanger-spelemannslag-70-ar.6119330-439509.html

Dato
22. september 2018
Kl.12.00
Stad
Riksscenen