Foto: Ingvil Skeie Ljones, Bo Arrhed

Dansefest NU-helg: Vegar Vårdal trio

I fem timar denne laurdagskvelden kan du danse til Vegar Vårdal (fele), Patrik Andersson (fele) og Åsmund Reistad (gitar, mandola, m.m.) sitt energiske og leikne samspel. Det blir runddans, bygdedans i tillegg til leia turdans og songdans med danseleiarane Marianne Dahl og Torill Schinstad.

Dansefesten er ein del av den store NU-helga med seminar, landsmøte, instruktørkurs mm. Les meir om program for heile helga her: www.ungdomslag.no/?a_id=3447&ac_parent=1. Dansefesten er open for alle.

Adresse: Nordahl Bruns gate 22.
Dansen tek til kl 20:00.
Kaffi og kaker er inkludert i inngangsbilletten.

Pris:
NU-medlem 100,-, ikkje medlem 200,-. Billettar tingast her: www.deltager.no/LMdansefest2018, eller i døra (kort/kontant).
Landsmøteutsendingane og kursdeltakarane har fri inngang.

 

Leikarringen i BUL Oslo stiller som dugnadshjelp på dansefesten denne kvelden. Vil du vere med å hjelpe til? Send ei melding til Audun Grüner-Hegge: audungh@gmail.com.

Dato
28. april 2018
Kl.20.00
Stad
Nordahl Bruns gate 22