Foto: Anbjørg Myhra Bergwitz

Juleavslutning i Leikarringen i BUL

Me avsluttar semesteret med trivelig juleavslutning i Teatersalen.

Tysdag 5. desember må du setja av kvelden til juleavslutning med Leikarringen i BUL Oslo.

Vi avsluttar eit flott dansesemester med servering av graut i Teatersalen klokka 1930, og ellers julehygge.

Vi håpar du vil komma og eta graut med oss! Set deg som «skal» på facebook (https://www.facebook.com/events/367943586961005/) eller send ei melding om at du kjem til nokon i styret, slik at vi veit om lag kor mykje graut vi skal lage, og inviter gjerne ein ven. Det går sjølvsagt an å kome uanmeldt også.

Gratis for medlemmar i Leikarringen, 50,- for andre.

PS: vi har ikkje planlagt å danse denne kvelden, men om nokon ikkje klarar å la vera så er det greit.

 

Velkomen!

Dato
5. desember 2017
Kl.19.30
Stad
Rosenkrantz' gate 8
Tid
19:30-21:30