Foto: Runhild Heggem/FolkOrg

Meisterkonserten i Operaen: BULder og Brak

Sundag 11.november 2018 avsluttes den store folkemusikkhelga i Oslo med Meisterkonserten i Operaen. Her møter ein vinnarar frå Landskappleiken og landsfestivalen 2018.

I år er det ekstra stas at BULder og Brak vann lagdans jr. på Landskappleiken og difor skal dei opptre i Operaen denne kvelden. Me gler oss til å sjå dei på hovedscena i lag med mykje anna flott dans og musikk.

Billettsalget er allereie godt i gang og har tidlegare år vorte heilt utsolgt. Anbefalast å vera rask med å kjøpe billett allereie no: https://operaen.no/forestillinger/meisterkonserten-2018-folkemusikk-konsert/.

 

Les meir om kven du kan sjå i Operaen her: https://folkorg.no/meisterkonserten/.

Dato
11. november 2018
Kl.18.00
Stad
Operaen
Pris
150,- til 550,-