Sleppleik | Hundreleik

For å sparke i gang Hundreleik, som me har valt å kalle heile jubileumsåret, byr me inn til Sleppleik på 99-årsdagen den 14. november 2018. Her slepper me detaljert program for heile året, og det blir nokre frampeik på kva ein kan vente seg i 2019. Vegar Vårdal held ein liten konsert før me byr på kake og dans.
Me har tinga Oslo ladegård med sine heilt særeigne og flotte lokaler som arena for Sleppleik. Dørane opner kl. 18.45, og programmet byrjar kl. 19.00.
Adressa til Oslo ladegård er Oslo gate 13, 0192 Oslo. Det er fleire bussar og trikkar som stoppar på Ladegården og St. Halvards plass.
Les meir på heimesidene for Hundreleik:
Dato
14. november 2018
Kl.18.45